Besøkande

Om messa – informasjonen og lenker til vedlegg for 2019 blir oppdatert etterkvart.

Målet med yrkes- og utdanningsmessa er å gjere deg som ungdom kjend med ulike yrke og utdanningsinstitusjonar i regionen. Det vil sei at hovudfokuset på messa er yrke og yrkesval, og kompetanse utdanning og kompetansefag. Ingen kan betre enn arbeidsplassane sjølve leggje innhald i dei ulike yrkestitlane.
Er du som besøkjande godt førebudd får du meir igjen for vidare val for framtida og full utnytting av messa.

Førebuing

– For ungdomsskulen: Kva bedrift/skule ynskjer du spesielt å besøkje, førebuingsskjema
– For Sauda vidaregåande skule: OBS! Elevane gjer sine val og førebuingar på www.sauda.vgs.no, It’s Learning.

Lister over utstillarar finn du under Bedrifter og Utdanning i hovudmenyen.

På messedagen

Messa er open for alle frå kl 09.00- 15.00. i Suldalshallen 17. januar. Enkeltaktørar som foreldre, arbeidssøkjande osv. er velkomne. Elles skuleklassar føljer skulen sine retningslinjer for dagen.

Tips og råd på spørsmål ein kan stilla på messa.
Representantane på standane har namneskilt i to fargar; GRØNT for yrkesfag og GULT for universitet/ høgskule.
Då kan du som besøkjande førebu deg på spørsmål på kompetansefag og yrkesfag hjå rett person ved besøk på standen.