YUM:2024 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

GRIEG SJØMAT ROGALAND

Grieg Seafood Rogaland

Me over 160 stolte medarbeidere som jobbar på sjøanlegg, settefisk anlegg, slakteri eller kontor i Stavanger, Sandnes, Bokn, Suldal, Hjelmeland og Kvitsøy. I Rogaland produserer me 350 000 måltider med laks kvar dag, som servert til middag eller på brødskive i 50 land i alle verdens hjørner.

Om du er glad i praktisk arbeid, likar å væra ute å bruka kroppen din og er omsorgsfull ovanfor dyr og miljø så er vg1 naturbruk å anbefala. Her vil du læra om det daglege arbeidet på oppdrettsanlegg og korleis du kan sikra at fisken har det best mogleg. Det daglege arbeidet foregår ofte ute i naturen og inneber røkting og stell av fisk. Vedlikehold, inspeksjon og dokumentasjoner ein viktig del av jobben. Ordtaket til Grieg Seafood er «Rooted in nature» 😊

Etter to år på skulen (for eksempel Strand vgs.) så kan du gå ut i lære hjå Grieg Seafood Rogaland. Me samarbeider med Fiskerifaglig Opplæringskontor ang. læreplass. Me har for tida lærlingar i Hylsfjorden, Erfjord, Stavanger og Kvitsøy. Her er altså fine moglegheiter bådefor deg som ynskjer læreplass der du bur no og for deg som kunne tenkja å flytta på deg.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.