YUM:2024 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Me har lærlingar innanfor akvakultur, fiske og fangst, matros, skipsmotormekaniker, ferskvarehandler, sjømatproduksjon og havbruksteknikk.

Fiskerifaglig opplæringskontor

Fiskerifaglig opplæringskontor samarbeider med dei fleste bedrifter innanfor akvakultur og held til på Finnøy. Me har for tida 77 lærlingar innanfor akvakultur, fiske og fangst, matros, skipsmotormekaniker, ferskvarehandler, sjømatproduksjon og havbruksteknikk.

Lærlingane i akvakultur, havbrukstekniker og fiske og fangst kjem stort sett frå Strand vgs som ligg på Tau. Første året går dei på. VG1 naturbruk før dei deler seg mellom VG2 fiske og fangst og VG2 akvakultur. Nytt av året er at dei som går ut i lære frå akvakultur kan velje mellom læretid i akvakultur eller havbrukstekniker.

Om du er glad i praktisk arbeid, likar å væra ute å bruka kroppen din og er omsorgsfull ovanfor dyr så er VG1 naturbruk å anbefala. Her vil du læra om det daglege arbeidet på oppdrettsanlegg eller fiskebåt og korleis du kan sikra at fisken har det best mogleg. Etter to år på skulen så kan du gå ut i lære, enten på båt eller på eit fiskeoppdrett.

Fiskerifaglig opplæringskontor samarbeider med dei fleste bedrifter innanfor akvakultur, og. me har for tida lærlingar frå Hylsfjorden til Nedstrand, Erfjord, Hjelmeland, Stavanger og Kvitsøy. Her er altså fine moglegheiter både for deg som ynskjer læreplass der du bur no og for deg som kunne tenkja å flytta på deg. Ønsker du læreplass på båt, så har med og samarbeid med fleire ulike båtar. Dei som arbeidar om bord på båtane går stort sett skift, så her kan du reisa heim i friperiodar uansett kor båten du jobbar på høyrer til.

Les meir om kva jobbmoglegheiter ein har innanfor fiskeri- og oppdrettsnæringa i det digitale magasinet "En gullkantet fremtid" HER.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om naturbruk eller om læretida.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Karina Eike
mob.
Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.