YUM:2024 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Den gode skulen i indre Ryfylke.

Bilde av Sauda VGS
Foto: Sauda VGS

Sauda vidaregåande skule: Helse og oppvekstfag

Om skulen

Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram som er lokalisert på tre ulike avdelingar. Hovudskulen ligg på Lofthus i Sauda, og i tillegg har me avdelingar på Birkeland i Sauda og på Sand. Skulen har undervisningstilbod innan: studiespesialisering, idrettsfag, bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, teknologi- og industrifag, helse- og oppvekstfag samt det relativt ferske tilbodet «yrkes- og studiekompetanse» innanfor industri- og teknologifag (YSK).

Me har tilbod om

VG1                HELSE- OG OPPVEKSTFAG
VG2                HELSEARBEIDARFAG
VG2                BARNE- OG UNGDOMSARBEIDARFAG
VG2                AMBULANSEFAG

Undervisninga på avdeling for helse og oppvekstfag er lokalisert på hovudskulen på Lofthus i Sauda. Noko av opplæringa vil også gjennomførast i praksisfeltet. Her har me tilbod om vg1 og fleire valmoglegheiter for vg2. Ei utdanning innanfor oppvekst og helsefag blir i dag av mange sett på som eit val som vil vere trygt for framtida og forskarar spår at innan 2035 vil Noreg til dømes mangle 18000 helsefagarbeidarar. Tidlegare har både oppvekst og helsesektoren hatt ry på seg for å ha mange gåande i små stillingar over lang tid, noko kommunane har tatt på alvor. Både Sauda og Suldal kommune har i fleire år jobba målretta for at flest mogleg som ønskjer det skal få tilbod om full stilling. Dette har vist resultat, og pilene peikar nå i rett retning. Sjå gjerne filmane om dei ulike moglegheitene som du finn her på sida.

Ambulansefag er me åleine om å tilby i Rogaland. Her tar me årleg inn 15 elevar, og opplæringstilbodet har lange ventelister. Det er karakterane frå vg1 som avgjer inntaket, men for å få læreplass må elevane gjennomføre og bestå fysiske testar. Sjå gjerne filmen som årets ambulanseklasse har laga for meir informasjon.

Å vere elev ved Sauda vgs

Sauda vidaregåande skule har årleg mellom 400-450 elevar. Av desse kjem over 50 % frå andre kommunar enn Sauda og Suldal. Me har med andre ord mange elevar som bur på hybel, og me gjer mykje for at elevane skal ha eit godt tilbod også etter skuletid. Me arrangerer leksehjelp, idrettsaktivitetar i Saudahallen, kveldskafé på Alfred med eit varmt måltid, mekkekveld og i vintersesongen har me tilbod om skyss til og frå Sauda skisenter for dei som vil stå på ski. I skuletida arrangerer me i periodar ulike formar for turneringar i til dømes biljard, bordtennis og golfsimulator. Skulen har eige musikkrom som elevane kan bruke, og lærarkrefter er med på å drifte skuleband. For dei elevane som kjem flyttande til Sauda har me tilbod om eigen elevbustad som elevane kan søke om å få leige hybel i. Her får elevane frukost fire dagar i veka og dagleg tilsyn. Me har også eigen vakttelefon som kan brukast døgnet rundt. Skulen er elles behjelpelege med å skaffe hybel til dei som treng det, og me har liste over privathyblar i Sauda som dei som vil får tilgang til.

Skulen som arbeidsplass

Skulen har over 100 tilsette. Dette gjer skulen til ein av dei større arbeidsgivaren i regionen vår, og me har stadig behov for nye medarbeidarar innanfor ulike fagfelt. Skulen har sjølvsagt mange tilsette som er lærarar, både innanfor filologiske fag og ulike yrkesfag. Her er det nye tilsetjingar så å seie kvart einaste år, og me har stadig behov for ny kompetanse. I tillegg har skulen tilsette som har arbeidsoppgåver innanfor administrasjon, lønn, drift, kantine og reinhald.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Foto: Sauda VGS, Per Inge Fjellheim.

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

VOKSNE

Kristin Bruknapp

kristin.bruknapp@skole.rogfk.no

UNGDOM

Lillian Nordengen

lillian.nordengen@skole.rogfk.no

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.