Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.
Liker du å arbeide med menneske, er god til å samhandla og kommunisera med andre, ønskjer å visa omsorg og synes det er spanande å utvikle desse sidene av deg vidare? Då er helse- og oppvekstfag noko for deg. Gjennom denne fagutdanninga vil du få innsikt i kosthold, ernæring, korleis kroppen er bygd opp og utviklar seg, i tillegg til psykisk og fysisk helse. Du vil også lære om helsefremmande arbeid og om korleis ein møter andre menneske og pasientar i ulike situasjonar.
Utdannar du deg i denne retninga kan du velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekst, både i privat og offentleg sektor. Du kan mellom anna bli helsefagarbeidar, ambulansearbeidar, portør, barne- og ungdomsarbeidar, apotekteknikar, helsesekretær, hudpleiar og fotterapaut.
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:
Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for helse- og oppvekstfag i regionen vår.