YUM:2023 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Foto: Hetland VGS
Bilde kreditering;

Medier og kommunikasjon

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er medier og kommunikasjon?

Dette studiet er for deg som er kreativ og nyskapande, og som liker å formidla gjennom tekst, lyd og bilde. Du lærer å utforme bodskap, uttrykk og layout og vil vidareutvikle din digitale kompetanse. Du vil også få ei innføring i å kva tydning medier og kommunikasjon har for samfunnet på eit kulturelt, sosialt og politisk plan. Studiet gir deg innsikt i arbeid innan reklame- og kommunikasjon, aviser og magasin, forlag, trykkeri, foto- og internettbedrifter, filmselskap, radio og fjernsyn.

Kva kan eg arbeida med?

Etter medier og kommunikasjonsstudie får ut tilgang på ei rekke utdanningar på universitet og høgskule. Her kan du velje blant ei rekke fagfelt, og du må ikkje naudsynt velje noko innanfor medier og kommunikasjon.

Ønskjer du å gå vidare med noko innanfor medier og kommunikasjon på høgskule- og universitetsnivå kan du bli mellom anna journalist, tekstforfattar, innhaldsprodusent, webdesignar, speldesignar, lydteknikar, filmprodusent, kommunikasjonsrådgjevar og samfunnskonsultent.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Dette er eit studieførebuande program som gir generell studiekompetanse når det er bestått. Det tar normalt tre år og kvalifiserer til høgare utdanning på universitet og høgskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for medier og kommunikasjon i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.