Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.
Er du kreativ, liker å jobbe med henda, interessert i å skape noko, teikna og har estetisk sans? Er du opptatt av kunst og kultur, lurer på korleis stader og byar utviklast og korleis ulike materialet blir brukt til å skape gjenstandar? Då kan kunst, design og arkitektur vera utdanningsprogrammet for deg. Her får moglegheit til å utforske og skape samstundes som du jobbar med teoretiske fag.
Med utdanning innanfor kunst, design og arkitektur og fullført høgare utdanning kan du få jobb innanfor ei rekke yrke der ein arbeider med teikning, planlegging og estetikk. Du kan arbeide ved eit arkitektkontor, entreprenørfirma, produksjonbedrift, designbyrå, museum, galleri eller kunstatelier.
Dette er eit studieførebuande program som gir generell studiekompetanse når det er bestått. Det tar normalt tre år og kvalifiserer til høgare utdanning på universitet og høgskule.
Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for kunst, design og arkitektur i regionen vår.