Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.
På VG1 får du arbeida praktisk og kreativt med oppgåver innan dei ulike yrkesfaga. Du vil få grunnleggande innføring i emne som komposisjon, form, farge, kreativ tenking, stilhistorie, mote og trendar. Du vil læra å nytta ulike teknikkar, verktøy og materiale. Du vil også arbeida med alle fasar i ei produktutvikling frå ide til ferdig produkt.
I faget "Yrkesfagleg fordjuping" får du vea ute i bedrift og prøva deg i eit lærefag. Kompetanse innan det kreative handverksfaget er nyttig anten du ønskjer å utdanne deg til frisør, blomsterdekoratør, interiørkonsulent eller du berre ønskjer å utvikle dine kreative evner.
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:
Trykk her for ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign.