YUM:2023 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Foto: RYTOPP
Bilde kreditering;

Studiespesialisering

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er studiespesialiering?

Har du lyst til å studere vidare på høgskule eller universitet?  Då er studiespesialisering programmet for deg.  Nokre av faga må alle som går studiespesialisering ha. Desse vert kalla fellesfag. Frå andre klasse er det slik at over halvdelen av dei faga du har er fag du sjølv har vald å fordjupe deg i. Desse vert kalla programfag. Vi har to hovudområde innanfor programfaga. Du kan enten velje fordjuping i realfag eller språk, samfunn og økonomi. Innanfor realfag kan du til dømes velje matematikk, biologi, kjemi og fysikk, medan du innanfor språk, samfunn og økonomi kan velje fag som sosiologi og sosialantropologi, politikk og menneskerettar, psykologi og engelsk. I tillegg kan du velje ei rekke ulike nettfag innanfor dei to programområda.  Felles for begge programområda ved Sauda vgs, er at undervisninga går føre seg i relativt små grupper, slik at lærarane har god tid til å følgje opp kvar einskild elev.

Kva kan eg arbeida med?

Når du er ferdig med studiespesialisering kan du gå vidare på universitet og høgskule. Nokre høgare utdanningslinjer har krav til kva fag du må ha tatt og karakterer på vidaregåande, noko det kan vera lurt å setje seg inn i saman med rådgjevaren på din skule. Det er ofte studiet eller graden du tek på universitet eller høgskule som avgjer kva yrkesretning du tek. Med studiespesialisering kan du mellom anna ta høgare utdanning som gjer at du kan bli sjukepleiar, lege, jurist, økonom, lærar, psykolog, forskar, med meir.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Etter fullført studiespesialisering har du fått anten generell eller spesiell studiekompetanse som kvalifiserer til vidare utdanning ved universitet og høgskular.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for studiespesialisering i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.