YUM:2024 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Kompetanseheving for vaksne i Sauda og Suldal.

Bilde av to som studerer
Foto: Sauda VGS

Sauda VGS: Kompetanse for vaksne

Ønsker du å heve kunnskapen og kompetansen din? Har du tilsette med behov for kompetanseheving? Då er Sauda vgs standen du skal besøke.

Sauda vgs tilbyr og legg til rette for:

Karriererettleiing

  • Kva for moglegheiter finst lokalt?
  • Kva treng du av opplæring?
  • Korleis tilpasse opplæringa til ditt liv?

Kurs og sertifisering for arbeidslivet

Fagbrev

Studiekompetanse

Desentralisert fagskule og høgskuleutdanningar

Hanna Katharina Hurme, Suldal kommune.

Hanna Katharina Hurme er snart ferdig med 3 år desentralisert sjukepleie. 2021/2022 tok ho norsk og matematikk samlingsbasert i Ryfylke for å kvalifisere seg til sjukepleien.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Bilete: Kristin Bruknapp, Anne Vikeså, Hans Helge Saltvik, Judith Sørhus Litlehamar

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Janne Eikevik

janne.eikevik@skole.rogfk.no

971 51 982

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.