YUM:2023 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Foto: RYTOPP
Bilde kreditering;

Teknologi- og industrifag

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er teknologi- og industrifag?

Teknologi- og industrifag (TIF) er eit fagfelt som passar for deg som er interessert i å arbeide med produksjon, automatisering og prosessar innanfor ei rekke ulike område. Dette kan vera mellom anna robotikk, maskinar, produksjonsutstyr, kjøretøy, kjemiske prosessar, helse og miljø. Faget er for deg som er praktisk anlagt, arbeider sjølvstendig og er interessert i ny teknologi.

Maritime fag

Fagretninga har eit vg2 løp for maritime fag som skal bidra til å utdanne ungdom til arbeid som knytt til yrker rundt transport og operasjonar til havs, på skip, på verft som bygger skip, til produksjon av utstyr og tenesteytande verksemder.

Kva kan eg arbeida innanfor?

Dette er eit utdanningsprogram som fører fram til yrke innan teknisk industri, skipsindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri og i oljebransjen. Helse, miljø og sikkerheit står sentralt i desse yrka og i faget ligg både opplæring i produksjon og reparasjon.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:

  • Du kan gå ut i arbeid.
  • Du kan søke opptak til enkelte utdanningsinstitusjonar. Y-vegsstudier er tilpassa deg som har relevant fagbrev, svennebrev eller yrkeskompetanse, men manglar generell studiekompetanse.
  • Du kan søke VG3 påbygg for å få generell studiekompetanse.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for TIP i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.