Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks.
Fokuset vårt er å gjera det me er best på! Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar klar for å skipast ut i verda.
Ynskjer du deg ein arbeidsdag der du får jobbe med praktiske oppgåver? Me tilbyr rikeleg med frisk luft, heite dagar i sola, og frisk nordavind vinterstid! Saman med trivelege og dyktige kollegar vil du jobbe for å produsere førsteklasses måltid til heile verda!
Alsaker Fjordbruk samarbeider med fiskerifagleg opplæringskontor for Rogaland og MAROPP – maritimtopplæringskontor, og tilbyr læreplassar både på settefisk-, og matfiskanlegg, samt på brønnbåten vår Kristoffer Tronds. Me er stolte av å ha mange og flinke fagutdanna tilsette innan våre fagområde, og kan tilby læreplass i akvakultur, samt matros- og skipsmotormekanikarfaget. Arbeidsområdet vårt er stort, vår nordlegaste lokalitet finn du i Alver kommune, og den sørlegaste i Sandnes kommune.
Som lærling i Alsaker-konsernet får du ei allsidig læretid, der du i løpet av opplæringa får vera innom alle delar av produksjonen.