Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.
Vil du ha ein aktiv kvardag? Du treng ikkje å drive med ein spesiell toppidrett, men vera interessert i allsidig aktivitet. Då kan idrettsfag gje deg tre spennande, varierte og lærerike år. Idrettsfag gir talentfulle utøvarar høve til å kombinera teoretisk utdanning og idrettssatsing.
Gjennom idrettsfag får du generell studiekompetanse, noko som gjer at du kan søke deg inn på dei fleste studie på høgare utdanningsnivå ved universitet og høgskular. Du må difor ikkje arbeide med noko innanfor idrett.
Ønskjer du å arbeide med idrettsfag gir denne linja deg god kunnskap til å ta jobbar som fysioterapaut, idrettspsykolog, personleg trenar, lærar, rådgjevar innanfor fysisk aktivitet og helse, friluftsliv og turisme, politi, befal eller offiser.
Dette er eit studieførebuande program som gir generell studiekompetanse når det er bestått. Det tar normalt tre år og kvalifiserer til høgare utdanning på universitet og høgskule.
Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for idrettsfag i regionen vår.