YUM:2024 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Den gode skulen i indre Ryfylke.

Bilde av Sauda VGS
Foto: Sauda VGS

Sauda vidaregåande skule: Idrettsfag

Idrettsfag ved Sauda vidaregåande skule

Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule som tilbyr både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, fordelt på tre avdelingar. Hovudskulen ligg på Lofthus i Sauda, medan dei andre avdelingane ligg på Birkeland i Sauda og på Sand. Skulen har eit breitt spekter av undervisningstilbod, inkludert studiespesialisering, idrettsfag, bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, teknologi- og industrifag, helse- og oppvekstfag, og det nyare tilbodet «yrkes- og studiekompetanse» (YSK) innan industri- og teknologifag. 

Idrettsfag ved Sauda vgs

Skulen tilbyr idrettsfag på alle tre nivå: VG1, VG2 og VG3. Undervisninga for idrettsfag går føre seg på hovudskulen på Lofthus. Elevane kan velje mellom to spesialiseringar innan idrettsfag: villmarksliv eller park- og frikøyring. 

Idrettsfag med villmarksliv

Dette tilbodet gir elevane studiekompetanse etter tre år. Gjennom skulegangen får dei delta på ei rekkje turar og kurs med fokus på villmarksliv. I tillegg til den ordinære undervisninga på skulen og i Saudahallen, får elevane oppleve aktivitetar som hundekøyring, kanopadling, klatring, brevandring, teltturar og skredopplæring. 

Idrettsfag med park- og frikøyring

Også her får elevane studiekompetanse etter tre år. Dei driv med aktivitetar som freeski, freeride og snowboard, og deltek på årlege turar til Voss, Hovden og Norsjø kabelpark. Gjennom heile året trenar dei med trampoline, air-track og i basseng. I vintersesongen får dei bruke Sauda skisenter i skuletida, som ein del av undervisninga.

ToppVolley Norge

Elevane på ToppVolley Norge følgjer ikkje idrettsfag-programmet, men studiespesialisering. For meir informasjon om ToppVolley, besøk bransjehuset, skulen si heimeside eller toppvolley.no. 

Å vere elev ved Sauda vgs

Skulen har mellom 400-450 elevar årleg, der over halvparten kjem frå andre kommunar enn Sauda og Suldal. Mange av desse elevane bur på hybel, og skulen legg stor vekt på å tilby eit godt tilbod etter skuletid. Det blir arrangert leksehjelp, idrettsaktivitetar i Saudahallen, kveldskafé på Alfred med varmt måltid, og mekkekveld. I vintersesongen får elevane skyss til og frå Sauda skisenter kvar onsdag kveld. Skulen har også eit aktivitetsrom med biljard, bordtennis og golfsimulator. For musikkinteresserte elevar finst det eit musikkrom som kan brukast i skuletida. 

For elevar som flyttar til Sauda, tilbyr skulen bustad med frukost fire dagar i veka og dagleg tilsyn. Skulen har også ein døgnopen vakttelefon, og kan hjelpe med å skaffe hybel. ToppVolley-elevane bur på eigne internat med full kost inkludert. 

Skulen som arbeidsplass

Med over 100 tilsette er Sauda vidaregåande skule ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Skulen har jamleg behov for nye medarbeidarar innan ulike fagfelt. I tillegg til lærarar innan både teoretiske og yrkesfaglege felt, har skulen tilsette innan administrasjon, lønn, drift, kantine og reinhald. Det blir stadig tilsett nye medarbeidarar for å sikre at skulen held høg kvalitet på opplæringa. 

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Foto: Sauda VGS, Per Inge Fjellheim.

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

VOKSNE

Kristin Bruknapp

kristin.bruknapp@skole.rogfk.no

UNGDOM

Lillian Nordengen

lillian.nordengen@skole.rogfk.no

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.