YUM:2023 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Foto: Karmsund VGS
Bilde kreditering;

Restaurant og matfag

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er restaurant og matfag?

Er du interessert i kosthold og ernæring? Liker du å tilberede og servere mat? Restaurant- og matfag passer for deg som er praktisk anlagt og liker å jobbe med mat og servering. Her vil du få kunnskap om kosthald og ernæring, og korleis maten me et påverkar kropp og helse. Vidare vil du lære om korleis ein behandling råvarer, mat og drikke, og få innsikt i viktige mattradisjonar i Noreg. Du vil også få opplæring i korleis ein tilbereder og serverer mat.

Kva kan eg arbeide innanfor?

Med ei utdanning innanfor restaurant og matfag kan du få jobb innanfor ei rekke yrke der ein er i kontakt med mat og råvarer. Dette kan vera som kokk, ernæringskokk eller servitør, eller som bakar, slaktar eller sjømathandlar. Du kan også bli fagarbeidar i sjømatproduksjon eller industriell produksjon.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

 Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:

  • Du kan gå ut i arbeid.
  • Du kan søke VG3 påbygg for å få generell studiekompetanse.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for restaurant og matfag i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.