YUM:2024 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Deg + Suldal kommune = sant?

to sjukepleiarar i gong
Foto: Jan Nordtveit, Elisabeth Bjørkhaug

Suldal kommune

Dersom du ønskjer ein spennande jobbkarriere i framtida, bør du vurdera å jobba for Suldal kommune. Kvifor? Sjå her.

 

Mange kollegaer

Hos oss får du 450 kollegaer!!! Me er Suldals største arbeidsplass, og stolte av det.

I kommunen kan du jobba med «nesten alt»

Nesten uansett kva retning du ønskjer å utdanna deg, vil du finna spennande stillingar hos oss.

Jobb + fritid

Me legg til rette for balanse mellom arbeid og fritid der me kan. Difor tilbyr me fleksible arbeidstidsordningar og me finn på mykje kjekt i lag.

Deg ver. 2.0

Me ønskjer å investera i våre tilsette. Difor tilbyr me kontinuerleg opplæring og høve for utvikling. Hos oss kan du utvida ferdigheiter og kunnskapar som bidreg til personleg vekst.

Vil du testa ein arbeidsplass hos oss?

Prøv sommarjobb hos oss. Me er opptatt av at sommarjobb hos oss i tillegg til arbeid skal vera sosialt! Me arrangerer «sumarvibbar», ein herleg og sumarleg minglekveld for alle våre lærlingar og sommarvikarar.

Søk læreplass. Me har eigne instruktørar som hjelper deg gjennom læretida. Saman med dei og Rytopp vil du få tett oppfølging på vegen din mot fagbrev.

Kompetanse for vaksne

Hanna Katharina Hurme bur på Sand og arbeider som helsefagarbeidar ved Suldal kommune. Ho tok norsk og matematikk samlingsbasert ved Kompetanse for vaksne for å kvalifisere seg til sjukepleien som starta desentralisert i indre Ryfylke hausten 2022.

Les meir om kompetanse for vaksne her.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Foto: Jan Nordtveit, Elisabeth Bjørkhaug

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.