Sparebanken Vest er Noregs tredje største sparebank og eit komplett finanshus for meir enn 290 000 person- og bedriftskundar. Me er stolt over å vere eit sjølvstendig finanskonsern med hovudkontor i Bergen, med ei viktig rolle i mykje av den verdiskapinga som skjer på Vestlandet. Hjå oss vil du møte ein personleg bank, med dedikerte finansrådgivarar. Sparebanken Vest har 36 kontor frå Nærbø i sør til Ålesund i nord.
Sparebanken Vest som arbeidsgivar vil gjere det me kan for at du skal lykkast i jobben din. Som ansatt er du den viktigaste ressursen for at me skal kunne gi gode råd tilkundane våre. Sparebanken Vest sin visjon er «Alt me gjer, gjer me for å bidra til at livet på Vestlandet skal bli endå litt betre». Me i Sparebanken Vest har som ambisjon å vere framtidas sparebank. Me ønskjer å gi kundane våre den beste kundeopplevinga, samstundes som me heile tida jobbar for å bidra til eit berekraftig samfunn.
Våre arbeidsoppgåvers om finansrådgivarar i våre kontor i Sauda og på Sand:
Byggje og utvikle relasjonar til våre kundar
Sal og rådgiving av kreditt, sparing og plassering, forsikring og andre banktjenester til bankens eksisterende og nye kunder.
Utarbeide planar for oppfølging av eigen portefølje
Ansvar for lønnsomhet og resultatkrav til eigen portefølje
Faglege kvalifikasjonar:
Relevant utdanning frå universitet eller høgskule (finans/økonomi/administrasjon)
Interesse for finansielle produkter og tenester og gjerne kredittfagleg kunnskap
Personlege kvalifikasjonar:
Proaktiv, sjølvstendig, engasjert og fleksibel
Kontaktskapande og relasjonsbyggande, både eksternt og internt
Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?
Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.
Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.
YUM
YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp, ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.