Den gode skulen i indre Ryfylke.
Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram som er lokalisert på tre ulike avdelingar. Hovudskulen ligg på Lofthus i Sauda, og i tillegg har me avdelingar på Birkeland i Sauda og på Sand. Skulen har undervisningstilbod innan: studiespesialisering, idrettsfag, bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, teknologi- og industrifag, helse- og oppvekstfag samt det relativt ferske tilbodet «yrkes- og studiekompetanse» innanfor industri- og teknologifag (YSK).
VG1 STUDIESPESIALISERING
VG2 REALFAG
VG2 SPRÅK, SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI
VG3 REALFAG
VG3 SPRÅK, SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI
Den ordinære linja for studiespesialisering ligg ved hovudskulen i Sauda, medan elevane på ToppVolley Norge får si undervisning på avdeling Sand. Me har god bredde i programfaga med tilbyr og me kan tilby undervisning i mange ulike fag ved begge avdelingar. I tillegg har me gjennom Nettskulen Rogaland tilbod om undervisning i fag som ikkje er store nok til at me kan tilby ordinær undervisning i desse. Studiespesialisering fører til vitnemål med generell eller spesiell studiekompetanse, og skal førebu elevane på høgare utdanning. Me tilbyr undervisning på skulen i alle fag du treng for å få spesiell studiekompetanse. Programfaga har ofte ikkje fulle grupper. Det betyr at gruppene er små nok til at kvar elev får den hjelpa som er naudsynt, men samstundes store nok til at det er fleire å spele på og arbeide og lære saman med. Begge avdelingar har faste tilbod om leksehjelp for dei som ønskjer dette.
Elevane på ToppVolley Norge er elevar på utdanningsprogrammet studiespesialisering, men avdelinga har tilbod om programfaget toppidrett for dei som ønskjer dette. ToppVolley Norge tilbyr eit unikt treningsmiljø for ambisiøse utøvarar som vil kvalifisere seg til spel på internasjonalt nivå. Her får du sjansen til å kombinere utdanning med utvikling til å bli profesjonell spelar. Sjå meir info på skulen si heimeside eller på toppvolley.no. Makan skal ikkje finnast!
Sauda vidaregåande skule har årleg mellom 400-450 elevar. Av desse kjem over 50 % frå andre kommunar enn Sauda og Suldal. Me har med andre ord mange elevar som bur på hybel, og me gjer mykje for at elevane skal ha eit godt tilbod også etter skuletid. Me arrangerer leksehjelp, idrettsaktivitetar i Saudahallen, kveldskafé på Alfred med eit varmt måltid, mekkekveld og i vintersesongen har me tilbod om skyss til og frå Sauda skisenter for dei som vil stå på ski. I skuletida arrangerer me i periodar ulike formar for turneringar i til dømes biljard, bordtennis og golfsimulator. Skulen har eige musikkrom som elevane kan bruke, og lærarkrefter er med på å drifte skuleband. Dette året har sjølvsagt ikkje alle aktivitetar kunne gått som ønska heile tida, men me håper og trur at det meste er oppe og går igjen når hausten kjem. For dei elevane som kjem flyttande til Sauda har me tilbod om eigen elevbustad som elevane kan søke om å få leige hybel i. Her får elevane frukost fire dagar i veka og dagleg tilsyn. Me har også eigen vakttelefon som kan brukast døgnet rundt. Skulen er elles behjelpelege med å skaffe hybel til dei som treng det, og me har liste over privathyblar i Sauda som dei som vil får tilgang til. Elevar på ToppVolley Norge leiger hybel på eigne internat og får servert alle måltid der.
Skulen har over 100 tilsette. Dette gjer skulen til ein av dei større arbeidsgivaren i regionen vår, og me har stadig behov for nye medarbeidarar innanfor ulike fagfelt. Skulen har sjølvsagt mange tilsette som er lærarar, både innanfor filologiske fag og ulike yrkesfag. Her er det nye tilsetjingar så å seie kvart einaste år, og me har stadig behov for ny kompetanse. I tillegg har skulen tilsette som har arbeidsoppgåver innanfor administrasjon, lønn, drift, kantine og reinhald.
Kompetanse for vaksne ved Sauda vidaregåande skule tilbyr og legg tilrette for rådgiving, kurs/sertifisering,vidaregåande opplæring, fagskule og høgare utdanning. Målet er at dei uliketilboda skal vere moglege å kombinere med arbeid- og familieliv. Det erkompetansebehovet frå enkeltpersonar og arbeidslivet som bestem kva tilbod som startar.
Les meir om kompetanse for vaksne HER