Sauda er ein del av Ryfylkeregionen. Det bur om lag 4600 menneskeher. Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod.
Sauda er ein del av Ryfylkeregionen. Det bur om lag 4600 menneskeher. Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod.
Sauda kommune har om lag 520 tilsette, fordelt på om lag 440 årsverk I tillegg til dei store arbeidsplassane innan helse og oppvekst, er det mange spanande fagfelt i den kommunale organisasjonen. Alt frå kommunikasjon og informasjon, økonomi og administrasjon, ingeniør og fagarbeidarar, tilbygdeutvikling og næringsutvikling. For å nemna nokre. Kommunen er i stadig utvikling. Me er med i fleire interkommunale samarbeid, mellom anna innan digitalisering og tryggleiks- og meistringsteknologi.
Me tek inn fleire nye lærlingar kvart år, fordeltpå fleire ulike fagområde. Har du eit anna fag, må du gjerne høyra med oss omme kan få til læreplass for deg òg.
Sauda kommune gir mellom anna tilbod om læreplassinnan følgjande fagområde:
· Helsefag
· Kontor
· Barne- og ungdomsarbeid
· Institusjonskokk
· Kontorfag
· Byggdriftar
Tal lærlingar i året: 11 personar.
· Har bestått VG1 og VG2
· Har god orden og oppførsel
· Er personleg eigna
· Visar initiativ og engasjement for faget ditt
· Har lite fråvær frå vidaregåande
· At du er service- og omsorgsorientert
· Har gode samarbeidsevner
I Sauda kommune ønskjer me oss tilsette som har rom for alle, men blikket for den enkelte. Me har eit ønskje om utvikling og å skapa kompetente og godemedarbeidarar, for å kunne forsetja å laga gode tenester for innbyggarane våre.
Me ønskjer deg velkommen til å søka læreplass eller jobb hjå oss i Sauda kommune!
Kompetanse for vaksne ved Sauda vidaregåande skule tilbyr og legg tilrette for rådgiving, kurs/sertifisering,vidaregåande opplæring, fagskule og høgare utdanning. Målet er at dei ulike tilboda skal vere moglege å kombinere med arbeid- og familieliv. Det er kompetansebehovet frå enkelt personar og arbeidslivet som bestem kva tilbod som startar.
Les meir om kompetanse for vaksne på deira side HER