Hjå oss kan du jobbe med bygningsvern, folkemusikk, tradisjonshandtverk - og mykje meir!
Ryfylkemuseet er ein kunnskapsinstitusjon. Formidlingsavdelinga forskar på historia og formidlar ho til gamle og unge, til skular og barnehagar, i naturen, på museum og utanfor. Somme av arbeidsoppgåvene på avdelinga er å forske på historia ved hjelp av vitskapelege metodar, designe og produsere utstillingar, formidle til forskjellige grupper, planlegge arrangement og samarbeide med dei andre avdelingane og alle som er interessert i historie.
Med så varierte oppgåver treng me folk som har utdanning i historie, men som også kan og trå til når det er sesong på Kolbeinstveit. Me treng også personar med pedagogisk kompetanse i ryggen, leiarerfaring, IT- og SoMe-kunnskapar, design, eller andre kreative yrker.
Ryfylkemuseet har fleire gjenstandssamlingar, ei stor fotosamling og fleire arkiv med historiskedokument. Samlingsavdelinga består av ein avdelingsleiar og ein magasinforvaltar som jobbar med å ta vare på desse historiske kjeldene for framtida. For å jobbe i samlingsavdelinga treng ein utdanning innan historie eller bibliotek- og arkivfag.
Rogaland har ein heilt spesiell og flott folkemusikktradisjon med song, spel og dans. Folkemusikkarkivet har ei storsamling av lydopptak frå heile fylket, i tillegg til ein del film og skriftleg materiale. Alle lyd- og filmopptak er digitaliserte. Oppgåvene våre er å fortsetta med å utvida samlinga og halde folkemusikkarven levande og tilgjengeleg for framtidige generasjonar. Me arrangerer konsertar og kurs innan folkemusikk, skriv artiklar og bøker. Me får også ein del besøk i arkivet frå musikarar og andre som ynskjer å lytta til opptak, og me sender opptak til dei som bestiller frå oss. For å jobba på eit folkemusikkarkiv treng ein relevant høgskuleutdanning og god kjennskap til folkemusikksjangeren.
Ryfylkemuseet har hand om nærare 80 kulturhistoriske bygg. For å kunne drive eit truverdig bygningsvern har museet i mange år lagt stor vekt på å hente fram, dokumentere og vidareføre tradisjonskunnskap. Kunnskapen om den lokale, tradisjonelle byggeskikken finn ein i skriftlege kjelder, intervju og gamle foto, men ein kan også lese bygningshistoria gjennom å granska spor etter bruk og verktøy i gamle bygg. Hjå oss er arbeidet med bygningsvern organisert i ei bygningsavdeling med to fast tilsette antikvarar og fire museumshandverkarar, i tillegg til ein vaktmeisterstilling. Antikvarane har utdanning i arkitektur og kulturhistorie, medan handtverkarane våre har snekker- og tømrarutdanning.
Tradisjonelt handverk kan berre lærast gjennom «å gjera», og det er Ryfylkemuseet opptekne av. Arbeidsplassane og bygga til museet er viktige arenaer for å læra å meistra tradisjonelle verktøy og metodar. Museet deltek i nettverk som arbeider aktivt med tradisjonshandverk og satsar på lærlingplassar innan dette. Me legg til rette for at handverkarane får ei spesialisering innan tradisjonshandverk både gjennom praksis og teori. To av våre handverkarar har utdanning innan tradisjonshandverk ved NTNU.
Ryfylkemuseet er godkjent opplæringsbedrift for lærling i tømmerfag, og samarbeider med vidaregåande skule om utplassering av praksiselevar i tømrarfaget.
Me er alltid interessert i å høyre frå degs om er interessert i historie og tradisjonshandverk.