Suldalsposten er ei avis som dekkjer det geografiske Suldal, men også saker som handlar om suldøler andre stader og nabokommunane våre.
Me lagar dagleg ei digital «lokalavis» - ein nyhendestraum om siste nytt, møte med folk, reportasjar, debattstoff og oppdateringar på aktuelle saker som me deler på Facebook og Instagram der mange følgjer oss.
Me er tre journalistar i redaksjonen, der redaktøren leier arbeidet og også er journalist. Det er ikkje nødvendig å vera utdanna journalist for å arbeida som det. Det viktigaste er at du har interesse for samfunn og menneske rundt deg, at du er sjølvstendig og lærenem og at du kan få det til med dei som er våre viktigaste kjelder, menneska. Digital kompetanse, anten det handlar om bilde, tekst, presentasjon, er viktig. Det er også bilde/video.
Me har ikkje eigne fotografar, men tar sjølv bilda me treng, og bildet er ei veldig viktig del av saka, anten det handlar om politikk eller portrett/feature.
I Suldalsposten har me også grafisk formgivar, altså den som set saman tekst og bilde til dei ferdige avissidene.Eller som lagar brosjyrar, gravferdsprogram, annonser og andre trykksaker.
Ei avis treng inntekter, derfor har me seljar som jobbar mot annonsørar og marknad for å selja inn annonseplass i både papiravisa og den digitale utgåva.
Sist, men ikkje minst. Ei avis er ei avis, men også ein organisasjon med rekneskap, HMS, personal og alt det som høyrer med. Til det har me ein dagleg leiar og dette er også ein viktig del av oppgåvene som skal løyast i ei avis.
Me har 5,8 årsverk og held til på Sand i Suldal.